Påska på Sunnmøre

april 18, 2007

Sola skein i Balestrand i to lange veker før påske. Det gjorde ikkje at vi lengta mindre etter påskeferien på Sunnmøre! Vi såg for oss dei ti late dagane vi skulle ha i solveggen på verandaen på Sjøholt, passe lange skiturar i strålande sol på Fjellsætra, masse snop og gode dagar. Og dagane blei gode. Ikkje fullt så mykje sol som vi håpa på, men sidan ÅM prøver å tone ned “sol- tilbeder” imaget sitt, velger vi å sei at det fekk nesten inga betydning.

Mamma Aud hadde ringt oss i Balestrand fleire veker før, slik at vi kunne få vere med å prege påskemenyen, og vi fekk alt vi hadde ønska oss og meire til!Vi åt og fleska oss (som enkelte ville sagt det!) og nytte ferien til det fulle. Herlig!

ÅM sitt herlige søskenbarn Bjørg Janne, var ganske nylig komen heim frå to år på misjonsskipet Doulos og skal sei gjensynsglda var stor! Ho var heimom ein svipp i bryllupet vårt i sommer, men blei lite tid til skravling då, så vi hadde litt å ta igjen. Kjempekoselig!!

Onsdag reiste vi med familien opp til hytta vår, Olinebu. Veret var ein blanding av snø, vind, opplett, snøstorm og litt sol og blå himmel innimellom. Vi fekk gått nokre skiturar, spelt mykje 10 000 (påskefarsotten 2007), tømt godte- skuffa, hatt grillfest og besøk av Walgerheimingane, hoppa på ski, aka litt og ellers nytt livet.

Avslutta påskeferien med ein tur til Jutevatnet (på Ørskogfjellet) i STRÅLANDE sol. Heilt fantastisk!!

Mandag kveld sette vi på siste delen av krimlydboka vår og satte kursen mot Balestrand igjen, godt fornøgde etter ein herlig og innhaldsrik ferie.

Entry Filed under: Uncategorized. .

Leave a Comment

Required

Required, hidden

Some HTML allowed:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Blogroll

Siste kommentarer

ingalillStemningsbilder frå påska
Sigrun Bislingen på Pakking, vasking og FLYTT…
Olav på Hekletryne
Aud på Hekletryne
tjelleHekletryne

Siste poster