Ei annleis påske…

Linselus i BatangasLinselus i Batangas

Vi har vore på Filipinene!!! Hatt ein to og ei halv vekes ferie i det som må vere verdas beste ferieland. Åse Marit si barndomsvennine, Dido, skulle gifte seg der nede i påska og då måtte vi berre ta turen.

Bading, snorkling (aksjon “finding Nemo” var vellykka!), soling (solbrenning og no avflassing), shopping, mykje god mat (og noko litt humbug!) og ikkje minst eit eventyraktig bryllup som får alle amerikanske bryllupsklisjèar til å bleikne (vi snakker utebryllup med bryllupsløfter i rød solnedgang, brudepar flytande på ei flåte , sommerfuglar vi som vi slapp fri i det bruda kom, kvite duer, fyrverkeri osv osv). Brudeparet og bryllupet var nydelig.

Vi er glad i påskefjellet vi, men kan ikkje klage over ferien vår i år heller..


Add comment april 4, 2008

Pakking, vasking og FLYTTING

No har vi pakka våre eigendelar ned i x antall kasser og første flyttelass frå Balestrand til Bergen har gått. Mamma og pappa har vore her og hjelpt oss med nedvask (grunna mine armar som framleis verker (ein seeeig senebetendelse)) og huset er ganske tomt og veldig reint. På den eine sida er det herleg og på den andre vemodig. Vi har hatt to flotte år i Balestrand, med mange gode folk rundt oss. Kjem til å sakne det på mange måtar. Samtidig gler vi oss veldig til å kome tilbake til Bergen! God sommer til alle!

1 comment juni 30, 2007

Hekletryne

I påska fekk eg ein idè som eg sjølv syntes var kjempelur. Eg ville hekle eit lappeteppe! Såg eit i eit gammalt vekeblad mamma hadde og tenkte at det såg ut som eit passelig sysseleri i påska.

Starta med friskt mot, og hekla med liv og lyst, tre- fire lappar pr. dag. Gjekk på ein liten smell då eg fann ut at eg måtte ha 150 lappar for å få eit brukbart teppe!! 150!!! Det er mykje hekling det.

No har eg 24 lappar, dvs. er komen nesten 1/6 på vei til ferdig teppe. I tillegg verker hendene og armane mine som dei aldri har gjort før..Så no er det hekleforbud for ei stund. Men for all del hekling er artig det:-) Klemz Øyvind
lappeteppe.jpg

4 comments april 26, 2007

GRATULERER MED DAGEN LILLESØSTER!!

Jippi, hipp hurra og jabbadabbaduhuu, DU har bursdag Ingrid!! Gratulerer så mykje med dagen. 24 år er slettes ikkje ein galen alder det. Vi e gla i dej vi, sjølv om du sa noko anna til oss i påska;-)

Bursdagsbarnet2

2 comments april 18, 2007

Stemningsbilder frå påska

3 comments april 18, 2007

Påska på Sunnmøre

Sola skein i Balestrand i to lange veker før påske. Det gjorde ikkje at vi lengta mindre etter påskeferien på Sunnmøre! Vi såg for oss dei ti late dagane vi skulle ha i solveggen på verandaen på Sjøholt, passe lange skiturar i strålande sol på Fjellsætra, masse snop og gode dagar. Og dagane blei gode. Ikkje fullt så mykje sol som vi håpa på, men sidan ÅM prøver å tone ned “sol- tilbeder” imaget sitt, velger vi å sei at det fekk nesten inga betydning.

Mamma Aud hadde ringt oss i Balestrand fleire veker før, slik at vi kunne få vere med å prege påskemenyen, og vi fekk alt vi hadde ønska oss og meire til!Vi åt og fleska oss (som enkelte ville sagt det!) og nytte ferien til det fulle. Herlig!

ÅM sitt herlige søskenbarn Bjørg Janne, var ganske nylig komen heim frå to år på misjonsskipet Doulos og skal sei gjensynsglda var stor! Ho var heimom ein svipp i bryllupet vårt i sommer, men blei lite tid til skravling då, så vi hadde litt å ta igjen. Kjempekoselig!!

Onsdag reiste vi med familien opp til hytta vår, Olinebu. Veret var ein blanding av snø, vind, opplett, snøstorm og litt sol og blå himmel innimellom. Vi fekk gått nokre skiturar, spelt mykje 10 000 (påskefarsotten 2007), tømt godte- skuffa, hatt grillfest og besøk av Walgerheimingane, hoppa på ski, aka litt og ellers nytt livet.

Avslutta påskeferien med ein tur til Jutevatnet (på Ørskogfjellet) i STRÅLANDE sol. Heilt fantastisk!!

Mandag kveld sette vi på siste delen av krimlydboka vår og satte kursen mot Balestrand igjen, godt fornøgde etter ein herlig og innhaldsrik ferie.

Add comment april 18, 2007

Då er vi i gang..

Seint ein kveld fann eketparet Walgermo Undal ut at ein blogg kan vere ein kjekk ting å ha. Dermed var vi i gang. Følg med vidare så får du sjå om noko skjer!

ute-bilder-005.jpg

1 comment april 17, 2007


Blogroll

Siste kommentarer

ingalillStemningsbilder frå påska
Sigrun Bislingen på Pakking, vasking og FLYTT…
Olav på Hekletryne
Aud på Hekletryne
tjelleHekletryne

Siste poster